Norsk English

Kurs i kroting

Hardanger folkemuseum, tunet

05.12.2017 09:30 til 08.12.2017 21:00

Hardanger folkemuseum arrangerer kurs i kroting! Bli med på kroteveka første veka i desember.

Krot er nemninga på ein type dekor me finn i gamle røykstover. På omfaret under beten vart geometriske mønstre påførd den mørke tømmerstokken. Dette arbeidet vart utført av kvinner på garden. Skriftlege kjelder fortel at kvinner påførde kritt-velling, ei blanding av kritt og mjølk i stovene ved jol, jonsok og bryllaup. I Hardanger er krotet geometrisk, og kross dominerer, men me finn og mange av dei gamle symbola: solteikn, valknute, evighetssymbol osv. Kroting er ein del av ein vaskeprosess. Kvinnene vaska opp til beten og påførde krot på den nyvaska tømmerveggen. Neste gong dei krota vart veggen vaska på nytt, og nytt krot påførd.

I løpet av kursveka utforskar me denne tradisjonen, der me vaskar vekk gamal krot, lagar krittvelling og kroter. Krotet me påfører er ein kopi av det originale krotet i Vavoldstova. Kurset inkluderer lunsj kvar dag, forelesing torsdag og konsert fredag kveld. Ein vel sjølv kor mange av dagane ein vil vera med.

Tidspunkt
Tysdag 5. - fredag 8. des. 2017. Det er mogleg å delta ein eller fleire av dagane. Det er plass til omlag 10 deltakarar.

Påmelding innan 20. nov. 2017 på post@hvm.museum.no

Prisar
Kurspris pr dag    500,-
inkluderar kursavgift, lunsj, forelesning og konsert

Middag torsdag kr 200,-
Middag fredag  kr 120,-

Overnatting kan t.d. tingast hjå HardingarT, tlf: 41 45 96 66
http://www.hardingart.net/

Kurset er støttet av Fortidsminneforeningen, kulturminner for alle.

Filer