Norsk English

Konsert Synnøve Bjørset og Ole Nilssen

Hardanger folkemuseum, loftet

24.11.2017 19:30

Kom på konsert på Hardanger folkemuseum fredag 24. november kl 19.30, med Synnøve Bjørset og Ole Nilssen. Samstundes vert det lansering av boka om Mellom himmel og fjord. SJÅ! - ei praktbok med foto av kunstlandskap i Hardanger.

Synnøve S. Bjørset er av landet sine fremste profesjonelle folkemusikarar med utdanning frå Norges musikkhøgskole. Ho har ei rekke CD-produksjonar bak seg, både solo og samspel og er medlem av gruppene Majorstuen og Dei beste damene.

Ole Nilssen frå Løten er ein ung, og allereie merittert folkemusikkutøvar. Dette året er han aktuell med si fyrste soloplate der slåttespel solo på trekkspel har fokus. Ole kjem frå ei folkemusikkslekt på Hedmarken der far og bestefar har vore læremeistrar i oppveksten og gjennom studiar ved m.a. Norges Musikkhøgskule har han jobba med den tradisjonelle slåttemusikken, og samstundes utforska det store spennet tradisjonsmusikken frå heimplassen har. Ole spelar alt frå vare lydarslåttar til danseslåttar etter fanden sjølv. Han er og dansar og har vunne A-klassa på Landskappleiken to gongar.

Pub og kafé

Dørene opnar omlag ein time før konsertstart. Kafeen er ope, og det vert sal av forfriskingar under og etter konserten.

Konsertane på Hardanger folkemuseum vert arrangert i samarbeid med Hardanger folkemusikksamling og med støtte frå Norsk kulturråd.

Logo, Norsk kulturråd