Norsk English

Konsert Øystein Velure og Alexander Røynstrand

Hardanger folkemuseum

23.09.2016 19:30

Øystein Velure og Alexander Røinstrand spelar på Hardanger folkemuseum fredag 23. september kl 19.30!

Velkomen til konsert med Alexander Aga Røynstrand og Øystein Velure. Endeleg har me fått tak i desse muntre spelemennene til konsertscena på Utne. Dette blir ein kveld garantert fri for tårevåte historiar om ulukkeleg kjærleik og anna.

Alexander Aga Røynstrand f. 1990 kjem frå Granvin. Han byrja å spela med Knut Hamre i kulturskulen då han var 7 år gamal og har delteke på ei rekkje kappleikar og arrangement sidan han var 12 år. Han har studert folkemusikk ved Høgskolen i Telemark (Raulandsakademiet) og på Ole Bull Akademiet på Voss.

Øystein Velure f. 1965, tok til å spela hardingfele i 12 årsalderen. Den viktigaste kjelda hans var Lars Velure, som han gjekk i lære hjå frå rundt 1980 og meir eller mindre sporadisk fram til Lars døydde i 1992.

Pub og kafé

Dørene opnar omlag ein time før konsertstart. Kafeen er ope, og det vert sal av forfriskingar under og etter konserten.

Konsertane på Hardanger folkemuseum vert arrangert i samarbeid med Hardanger folkemusikksamling og med støtte frå Norsk kulturråd.

Logo, Norsk kulturråd