Norsk English

Diktartavla 2016 til Hanne Bramness

Hardanger folkemuseum

11.06.2016 16:30

Laurdag 11. juni kl 16.30 vert Diktartavla 2016 delt ut til Hanne Bramness for hennar forfattarskap. Prisutdelinga skjer på Hardanger folkemuseum,  Utne, der diktarstien i tunet får si poetiske steintavle nr. 25.

- Poesien til Bramness er original og tankevekkjande, og me er glade for å kunne heidra ho med Diktartavla 2016, seier dagleg leiar Geir Netland ved Olav H. Hauge-senteret.

Hanne Bramness er ei markant stemme i norsk samtidslyrikk og har skrive diktbøker både for unge og vaksne lesarar. Bramness har sidan debuten i 1983 gjeve ut til saman 14 diktsamlingar, 17 gjendiktingar og ein ungdomsroman. Ho har òg vore initiativtakar og redaktør for gjendiktingsprosjektet Stemmens kontinent, og har løfta fram diktarar frå landa rundt Nordsjøen. Tematisk har forfattarskapen kretsa rundt det utsette og ordlause, minne og manipulasjon av minne. Ho har alltid vore oppteken av kva som gøymer seg bak det umiddelbart synlege. Bramness les eigne tekstar under tilstellinga. Diktartavla vert utdelt årleg av Olav H. Hauge-senteret og Hardanger folkemuseum.

Konsert med Sudan Dudan
Bandet Sudan Dudan frå Valdres held konsert same kveld. Dei tek utgangspunkt i slåttemusikk, tøyar samstundes rammane for norsk folkemusikk og setter nye standarder for bruk av sang og strengeinstrumenter. Arrangementene minnar ofte om musikk langt utanfor dei nordiske tradisjonane, som amerikansk fjellmusikk og afrikansk ørkenblues. Bandet starta i 2003 og er samansatt av Marit Karlberg (vokal og langeleik) og Anders Erik Røine (vokal, gitar og munnharpe). Dei platedebuterte i 2006 og i 2013 kom deira hittil siste plate "Inntil i dag", som er produsert av Odd Nordstoga.

Priskriterium
Diktardagen er eit årleg arrangement i august der ein heidrar ein norsk forfattar ved at ei diktartavle av vedkomande blir lagd ned på Diktarstien ved Hardanger folkemuseum. Den første dikttavla vart lagd ned i 1992, og dagen vart etablert offisielt på 85-årsdagen til Olav H. Hauge i 1993. Hauge var sjølv med og tok initiativet til Diktarstien.

Prisen Diktartavla skal heidra ein markant norsk forfattarskap. Forfattaren må ha utmerka seg særskilt innanfor lyrikk. Diktardagen skal også fremja positiv merksemd om norsk lyrikk.

Prisen skal gå til ein norskspråkleg nolevande forfattar som har gjeve ut minst to eigne diktsamlingar. Prisen vert gjeven for heile forfattarskapen. Det skal ha gått minst ti år sidan forfattaren bokdebuterte, men debuten treng ikkje å ha vore ei diktsamling. Over tid skal prisen fordelast jamt mellom nynorsk og bokmål.

Diktarstien 1992-2015
Diktarstien er plassert i museumstunet på Hardanger folkemuseum på Utne. Den første dikttavla vart lagt ned allereie i 1992, men stien vart offisielt innstifta i høve Olav H. Hauge sin 85-års dag i 1993. Diktaren frå Ulvik var sjølv med på å ta initiativet til Diktarstien.

Kvar år vert det arrangert ein diktardag ved museet, og ei ny dikttavle vert lagt ned i stien. Biletkunstnar Cecilie Broch Knudsen er ansvarleg for utforming av tavlene.