Norsk English

Konsert Camilla Granlien band

Hardanger folkemuseum, Storsalen

01.05.2016 17:30

Til sesongopninga 1. mai kl 17.30 kjem Camilla Granlien med band til Hardanger folkemuseum.

Hausten 2015 slapp folkesongar Camilla Granlien plata Kjære vennen min. Dette er balladar og viser skrevet ned i Gudbrandsdalen for ca 150 år sidan. Visene er mykje eldre en det, men i 1864 vart dei notert ned og bevart slik at ein folkesongar som Camilla kunne ta dei opp att, blåse støv av dei og laga ny musikk av dei saman med ein gjeng dyktige musikarar.

Plata er gitt ut på plateselskapet ta:lik records (se www.talik.no ) og anmeldelse er veldig gode!

"Magiske Camilla Granlien. (…) Det er til tider noe noko hypnotisk over fraseringa til Granlien, og tonefølgjet frå Skaansar og Utnem  framhevar dette elementet." Lars Mossefinn i Dag og tid, 6. november.

"Camilla Granlien står også denne gangen frem som en av våre mest særegne og spennende tolkere og formidlere av norsk tradisjonsmusikk." Terningkast 5. Frode Hermanrud i OA, 30. oktober.  

"Folkesangerens vakre stemme og ikke minst hvordan hun bruker den i omgang med tradisjonsmusikken, yter disse sangene all den respekt de fortjener. Terningkast 5. Per Ivar Henriksbø i GD, 26. oktober.  

På konserten er Andreas Utnem med på piano og trøorgel og Jo Skaansar på kontrabass. Camilla spelar sjølv hapidrum, kalimba og synger. Og på toppen av det heile, ein strykekvartett.

Camilla er utdanna folkesongar, bur på Lillehammer og jobbar som frilans musikar med oppdrag for store og små i skulen, på gamleheim og elles der folk har lyst til å høyra musikk.
Ho har vunnet Landskappleiken i folkesong tre gongar i tillegg til å få Kongepokalen for sin song.

Konsertane på Hardanger folkemuseum vert arrangert i samarbeid med Hardanger folkemusikksamling og med støtte frå Norsk kulturråd.

Logo, Norsk kulturråd