Norsk English

Miniseminar om frukt og årsmøte i Hardanger Historielag

Hardanger folkemuseum

03.04.2016 17:00 til 19:30

Seminardelen på årsmøtet i Hardanger Historielag handlar om fruktdyrking før og no.

Lars O Bleie, historielagsmann og fruktdyrkar frå Ullensvang, ser på den historiske utviklinga av næringa. Korleis skaffa fruktdyrkarane seg kunnskap? Kven spela ei viktig rolle i dette arbeidet ? Asbjørn Børsheim frå Ulvik frukt&cideri, legg i sitt innlegg vekt på siderproduksjon. Børsheim kjem inn på spørsmål kring produktutvikling, samarbeid med andre land og Hardanger-profil. Merk dykk at seminardelen er open for alle interesserte. 

På sundag vert det open kafé med kaffi og heimebakst, i museumsbutikken kan ein kjøpa praktverket Hardanger ei regionhistorie og annan lokalhistorisk litteratur.

Vel møtt!