Norsk English

Konsert Odde/Sulheim/Brimi

Hardanger folkemuseum

01.04.2016 19:30

Fredag 1. april kl 19.30 ynskjer Hardanger folkemuseum velkomen til konsert med Aslak Brimi - fele, Astrid Sulheim - fele og Bjørn Kåre Odde - fele!

Små bygder fostrar ofte unormalt mange musikarar eller kunstnarar i høve folketalet, og Lom i Gudbrandsdalen er definitivt ei av dei bygdene. Dei tre meisterspelemennene Aslak Brimi, Bjørn Kåre Odde og Astrid Sulheim kjem alle frå Lom, og er oppvaksne i miljøet rundt Lom Spelmannslag. I dette høvet har dei samla troppane for å gjera ei plate for å heidre spelemannen Sjugurd Garmo (1896-1991) og musikken hans. Sjugurd var lenge ein sentral person i spelmannslaget, og var i tillegg ein meister til å komponere slåttar, noko han gjorde over 50 av. Denne utgjevinga er fullt og heilt dedikert musikken av og etter Sjugurd Garmo, og det vert formidla både gjennom solospel og samspel av dei tre spelmennene som stort sett har det same musikalske grunnlaget, men som likevel har kvar sin karakteristiske stil.

Vel møtt til konsert i Sjugurd Garmos rike!

Pub og kafé

Dørene opnar omlag ein time før konsertstart. Kafeen er ope, og det vert sal av forfriskingar under og etter konserten.

Konsertane på Hardanger folkemuseum vert arrangert i samarbeid med Hardanger folkemusikksamling og med støtte frå Norsk kulturråd.

Logo, Norsk kulturråd