Norsk English

Ingeleiv Kjerland Kvammen og Frank Rolland

Hardanger folkemuseum

25.11.2016 19:30

Ingeleiv Kjerland Kvammen og Frank Rolland har konsert på Hardanger folkemuseum fredag 25. november kl 19.30.

Ingeleiv (f. 1932), frå Granvin er dotter av meisterspelaren Anders Kjerland, og felespelet fekk tidleg ein naturleg plass i livet hennar. Ho tok til å spela i 10-årsalderen, og har seinare vore aktiv i Hardanger spelemannslag. Det siste året har ho hatt fleire konsertar saman med Frank Rolland.

Frank Rolland har vore tilsett som fylkesmusikar i Hordaland sidan 1996 og har arbeidsplass her på Hardanger folkemuseum der han mellom anna tek hand om det rikhaldige folkemusikkarkivet. Rolland er fyrst og fremst soloutøvar, men har samarbeidd med ei rekkje andre musikarar og musikkformer.

Pub og kafé

Dørene opnar omlag ein time før konsertstart. Kafeen er ope, og det vert sal av forfriskingar under og etter konserten.

Konsertane på Hardanger folkemuseum vert arrangert i samarbeid med Hardanger folkemusikksamling og med støtte frå Norsk kulturråd.

Logo, Norsk kulturråd