Norsk English

Bunadsdag

Hardanger folkemuseum

19.11.2016 11:30

Alle bunadsinteresserte er hjarteleg velkomne til Hardanger folkemuseum laurdag 19. november kl 11.30

Hardanger har svært rike drakttradisjonar. Mykje av dei gamle tekstilane finnast på Hardanger folkemuseum, men og heime hjå folk. Norsk institutt for bunad og folkedrakt driv mellom anna med registrering av tradisjonelle draktsikkar. No ynskjer instituttet i samarbeid med museet å gjera registreringar av gamle tekstilar som finnast i private heimar.

Alle interesserte er velkomne til informasjonsmøte på Hardanger folkemuseum laurdag 19. november. Møtet vert lagt opp som eit halvdagsseminar der ein og får vera med på omvising i bunadutstillinga på museet, får sjå demonstrasjon av skautfelling og høyra om korleis ein kan arbeida med rekonstruksjon, det vil seia å nytta material frå tradisjonell draktskikk som grunnlag for bunad.

Program
11.30                     Velkomen
11.30 - 12.15         Norsk institutt for bunad og folkedrakt fortel om instituttet, korleis dei driv feltarbeid, og om rekonstruksjon
12.15 - 13.00         Lunsj, og ope i kafeen
13.00 - 13.45         Omvising/foredrag i draktutstillinga
13.45 - 14.30         Demonstrasjon skauting og skautfelling, med presentasjon av raudlisteprosjektet Skautfelling
14.30 - 14.50         Evn oppsummering og vegen vidare

Påmelding
Seminaret er gratis og ope for alle interesserte, men ein må melda seg på på førehand og betala for mat og kaffi.

Påmelding til post@hvm.museum.no eller tlf: 47479884 innan fredag 11. november

Dei som vil ha lunsj må tinga dette på førehand, saman med påmeldinga. Kafeen er ope med kaffi og kaker.

Transport
Ferje frå Kinsarvik: 10.25, retur 15.05
Ferje frå Kvanndal: 11.00, retur 14.30 eller 15.30