I konserten Rose møter du tre
av våre beste folkemusikarar, med songar av Robert Burns til ny,
melodiøs musikk av Gabriel Fliflet.
Kirsten Bråten Berg - song, munnharpe, egg, Anders Røine -
langeleik, gitar, fele, munnharpe, song, og Gabriel Fliflet -
trekkspel, piano, song.
Robert Burns levde på slutten av 1700-talet, men er framleis ein
av dei mest elska songpoetane i verda. No har den fargerike
musikaren og musikkmakaren Gabriel Fliflet dikta heilt nye tonar
til mange av Burns sine songar, i fabelaktig omsetjing til norsk av
Johannes Gjerdåker. Det nykomponerte verket til Fliflet har fått
namnet Rose etter A Red, Red Rose - den mest kjende songen
til Burns ved sida av Auld Lang Syne. Rose var
tingingsverk til Vossajazz
2016.
Med
utgangspunkt i danserytmar som gangar, vals, springar og reinlendar
vil grunntonen kvila i norske tradisjonar. Klangar og tonesprang
frå fjernare himmelstrøk vil nok likevel òg trenga seg på. I
Rose får du høyra mange vakre kjærleikssongar, til
tonefølgje av langeleik og piano eller kanskje munnharpe og fele -
men òg burleske og viltre viser med svingande gitar og pumpande
trekkspel!
Gabriel Fliflet har tidlegare laga ei rekkje tingingsverk, m.a.
Åresong saman med Jon Fosse, som fekk ei begeistra mottaking frå
publikum og kritikarar (Festspillene i Bergen 2010). I musikken
hans kan ein finna vendingar frå Hellas så vel som Hardanger.
«Melodiøst, men uventa» er Gabriel Fliflet sitt
ideal.
Kvedardronninga Kirsten Bråten Berg er
hovedvokalist i Rose, medan Anders Røine og Gabriel Fliflet spelar
ei rekkje instrument - og syng, dei òg. Dei tre musikarane kjenner
godt til kvarandre, men dette er fyrste gongen dei spelar i
lag!
Kirsten Bråten Berg er ein stor tradisjonsbærar og ein nestor i
norsk folkesong, som har bringa vokalmusikken frå Setsdal ut til
eit stort publikum. Banebrytande samarbeid med norske
folkemusikarar og musikarar innan andre sjangrar, m.a. Arild
Andersen, Nana Vasconselos og Marylin Mazur. Kirsten Bråten Berg er
statsstipendiat og riddar av St. Olavs orden, 1. kl.
Anders Røine er ein nyskapande, folkemusikalsk multimusikar. Har
vunne landskappleiken fem gonger på munnharpe. Spelar òg m.a.
langeleik, bandlaus banjo, fele og hardingfele, gitar. Anders Røine
er òg vokalist, instrumentutviklar og den eine halvdelen av
kritikerroste Sudan Dudan. Samarbeid med m.a. Odd Nordstoga,
Valkyrien Allstars, Steve van Zandt, Sigrid Moldestad.
Gabriel Fliflet er ein fargerik musikar og komponist med trekkspel
som hovedinstrument og med lang fartstid i ei rekkje ulike former
for folkemusikk. Han vart kåra til Årets folkemusiker i 2011.
Fliflet har spelt i lag med markante norske folkemusikarar som
Berit Opheim, Sigrid Moldestad, Gjermund Larsen og Odd Nordstoga.
Fliflet har òg spelt balkanmusikk i mang slags former, m.a. med
danske blåsaren Peter Bastian og sidan 1991 med trommeslagaren Ole
Hamre i duoen Fliflet/Hamre.
Pub og kafé
Dørene opnar omlag ein time før konsertstart. Kafeen er ope, og
det vert sal av forfriskingar under og etter konserten.
Konsertane på Hardanger folkemuseum vert arrangert i samarbeid
med Hardanger folkemusikksamling og med støtte frå Norsk
kulturråd.
