Norsk English

Konsert Steinar Strøm

Konsertscena på loftet

18.09.2015 19:30

Haustens konsertrekkje startar med serien Solo folkemusikk. Først ut er meisterspelemannen Steinar Strøm. Hardanger folkemuseum,  fredag 18. september kl 19.30.

Steinar Strøm er frå Sigdal og er A-klassespelemann på hardingfele sidan 1989. Han byrja å spela som 8-9 åring og har hatt blant anna hatt Nils Stubberud og Sigbjørn Bernhoft Osa som læremeistrar. Med trygt feste i speletradisjonen frå Sigdal, Numedal og Telemark, er han interessert i å utfordre det etablerte og sprenge grenser. Steinar har komponert nye slåttar, gitt ut plate med danseslåttar frå Sigdal og har spelt mange konsertar. No er han ute med plata Blåmåndagen. Me gler oss til eit djupdykk i tradisjonsmusikken frå Sigdal.

Pub og quiz 

Dørene opnar omlag ein time før konsertstart. Det vert sal av forfriskingar, og etter konserten vert det quiz.

Solo folkemusikk er ein konsertrekke der solisttradisjonen innan folkemusikk vert lyfta fram.

Konsertane på Hardanger folkemuseum vert arrangert i samarbeid med Hardanger folkemusikksamling og med støtte frå Norsk kulturråd.

Logo, Norsk kulturråd