Norsk English

Skredhaugen open for sommaren

Skredhaugen, Lofthus

21.06.2015 14:00 til 09.08.2015 00:00

Ny utstilling - Surrounded by water av Jet Pascua og arrangment kvar onsdagskveld på Skredhaugen i sommar. Velkomen innom!

Årets utstillar på Skredhaugen er kunstnaren Jet Pascua. Kunstnaren Pascua er tydeleg påverka av bakgrunnen som immigrant til Norge. Han brukar historiske hendingar som referansar i arbeidet og tek opp spørsmål om bruk av fortida for å handtere og forstå notida. Migrasjon, minne, folk på flukt er emne for utstillinga som slik set lys på særs aktuelle samfunnsspørsmål.

I dag arbeider Pascua vekselvis på kunstakademiet i Tromsø og i Manilla.

Utstillinga er gjennomført i samarbeid med kunstnaren som i dag bur på Skredhaugen: Lars Korff Lofthus.

Skredhaugens vener følger elles opp suksessen med onsdagsarrangment i juli og fyrste ondagen i august.

PROGRAM 2015

1. juli kl 18.00 - Husmødrene underheld med song og musikk v/ Marie Elise Lindskog, Inger Elisabeth aarvik og Silje Hveem 

8. juli kl 18.00 - Kunst for born v/ kunstlaget

15. juli  kl 18.00 - Aktivitetar for bron V/ Jorunn N. Opedal, Ingebjørg Opedal Hove, Magni Kristiansen, Gerd Åse Kristoffersen

18. - 19. juli  - Erna Lorentzen og Helge Hansen: sal av ulike produkt og lagar sopelimar for born, patchwork etc.

22. juli  kl 18.00 - Baking og onnedag 

29. juli  kl 18.00 - Konsert. Arild Helleland m kor

5.aug kl 18.00 - Hardangersaum/Gudrun Stueland v/Agnete Sivertsenl

Sal av kaffi/kaker på alle arrangementa