Norsk English

Ingvild Lilletvedt Nordstoga

Storsalen, Hardanger folkemuseum

03.05.2015 14.30

Til sesongopning på Hardanger folkemuseum sundag 3. mai kjem Ingvild Lilletvedt Nordstoga.

Ingvild Lilletvedt Nordstoga er songar, låtskrivar og tekstforfattar frå Stamnes i Vaksdal kommune. Ho debuterte med albumet Den minste cafeen januar 2014. Her finn me musikk med element frå pop, viser, jazz og bossa-nova.

Det musikalske uttrykket er reint og enkelt. Tekst og musikk er forteljande og biletskapande. Lydbiletet er akustisk og ope, og tek vare på det umiddelbare og nære i song og formidling. Musikken trekkjer vekslar på nordisk visetradisjon - og er samstundes vakker og iøyrefallande popmusikk. Tekstene er kvardagsbetraktingar - det store i det små.

Nordstoga har det siste året turnert med fleire av landets beste musikarar. På konserten har ho med seg Helge Lilletvedt på piano/tangentar, Håkon Eivind Larsen på bass/kor og Jango Nilssen på perkusjon/kor.

Sagt om plata:
"Og ho står heller ikkje i skuggen av sine meir meritterte slektningar, ho minner meir om Joni Mitchell enn dei. Ingvild står støtt på eigne bein. Ein fullt ut godkjend debut " Firdaposten
" Visepop, ispedd silkemyk jazz". Oppland arbeiderblad
" Ingvild står trygt på egne bein i sin albumdebut...hun serverer smakfull, akustisk visepop... Det glir nydelig av gårde...Tittellåten «Den minste caféen» gnistrer herlig av forelskelse." Østlendingen

Konsertane på Hardanger folkemuseum vert arrangert i samarbeid med Hardanger folkemusikksamling og med støtte frå Norsk kulturråd.

Logo, Norsk kulturråd