Norsk English

Bokverket Hardanger ei regionhistorie for sal!

Hardanger folkemuseum, Utne

18.04.2015 10:00

Dei tre rikt illustrerte bøkene kan kjøpast i museumsbutikken - pris for alle tre banda kr 1199,-

Om bokverket Hardanger - ei regionhistorie

Hardanger har vorte sjølve symbolet på det norske, men er likevel noko for seg sjølv.

Verket fortel historia om folket langs fjorden, frå dei første jegerane busette seg under ein heller i Herand, til den dagen bilane byrja kryssa brua over fjorden mellom Bu og Vallavik. Budsjettet har vore på 6.5 mill. Laget har sjølv gått inn med 1,15 mill.

Forfattarane er : Svein Ivar Angell, Martin Byrkjeland, Knut Grove, Herdis Kolle,

John Ragnar Myking, Jo Rune Ugulen og Bård Gram Økland

HARDANGER - EI REGIONHISTORIE

Band 1 fortel om utviklinga frå steinalderen og fram

mot jordbrukssamfunnet kring 1750.

Band 2 fortel om moderniseringa av bondesamfunnet

fram mot 1900.

Band 3 fortel om tida etter at storindustrien og fruktdyrkinga

for alvor gjorde sitt inntog i regionen etter 1900.

http://fagbokforlaget.no/download/forsider/9788245010701.jpg