Norsk English

Josefina Paulson og Jonas Åkerlund

Hardanger folkemuseum, loftet

24.04.2015 19:30

Stillferdig, svensk superduo spelar på Hardanger folkemuseum fredag 24. april.

Nyckelharpa i samspel med andre instrument har gjeve meirsmak, og me har vore heldige og fått booka inn to svenske stjerneskot til kveldens konsert.

Jonas Åkerlund - fiol, hardangerfela, viola d´amore, gitar, säckpipa
Josefina Paulson - nyckelharpa, kontrabasharpa

Jonas og Josefina er båe røynde og svært dyktige musikarar. Dei har spelt saman i tre år, og både debutplate og konsertturne har vorte svært godt motteke. Dei er opptekne av det enkle, fantasi og nærvær, og "det store i det lille" både i musikken og i møtet med publikum. Dei har turnert flittig i heile Eurpoa, særleg på små festivaler og mindre konsertscener der musikken kjem til sin fulle rett. No spelar dei i Hardanger for fyrste gong, og me er viss på at dette vert ein minnerik konsert det er vel verd å få med seg!

Pub og quiz 

Dørene opnar omlag ein time før konsertstart. Det vert sal av forfriskningar, og etter konserten vert det quiz.

Konsertane på Hardanger folkemuseum vert arrangert i samarbeid med Hardanger folkemusikksamling og med støtte frå Norsk kulturråd.

Logo, Norsk kulturråd


Filer