Norsk English

Baljelauget

Hardanger folkemuseum, loftet

20.03.2015 19:30

Hardanger folkemuseum presenterer Baljelauget! Heilnorsk Americana med baljebass, hardingfele, gitar og song fredag 20. mars kl 19.30. 

Baljelauget framfører stusselege viser på tvangsrim om hjerte, smerte, skjemt og alvor til hardingfelespel og baljebass. Her møter amerikansk blues og bluegrass norsk folkemusikk, krydra med humor og historie. Trioen frå Voss kombinerer blues og bluegrass på dialekt med norsk folkemusikk.

Låtskrivar Olav Undeland, som syng låtane medan han spelar gitar, er busett på Voss, men kjem frå Ulvik. Han debuterte med  den engelskspråklege soloplata "So much trouble" i 2003 og etablerte seg då med sin førkrigsblues på den norske bluesscena. Seinare kom bandplata "Riding the blind" og i 2009 "Sleepless blues" med hovudvekt på eigne låtar. I Baljelauget dukkar Olav ned i tema som hjerte, smerte, tull og vas med tvangsrim på dialekt medan han plukkar gamle bluesriff på ein nær hundre år gammal Gibson.

Arne Anderdal er opprinneleg frå Hemsedal, bur på Voss og arbeider til dagleg på Ole Bull-akademiet . Han har ein mannsalder bak seg som spelemann og slapp i 2011 plata «Godsruta» solo og i samspel med bandet som og fekk namnet Godsruta. For denne fekk han folkelarmprisen i klassen tradisjonelt samspel. Arne har også gjennom fleire år vorte nytta som spelemann for dansarar på kappleikar, både frå Hallingdal og vestlandet. Med baljelauget prøver Arne å la slåttespelet gli naturleg inn i det elles amerikanske kompet.

Svein Prestegard frå Voss trakterer det relativt kjente, men lite brukte instrumentet baljebass. Der er rett og slett ein sinkbalje, eit kosteskaft og snor brukt som einstrengsbass. Han finn (som regel) tonane ved å stramme snora  med kosteskaftet, baljen fungerer som resonansskasse. Baljebassen (Washtub bass) er eit typisk amerikansk "Jug-band"-instrument som gjev bandet ein heilt spesiell låt.

Pub og quiz 

Dørene opnar omlag ein time før konsertstart. Det vert sal av forfriskningar, og etter konserten vert det quiz.

Konsertane på Hardanger folkemuseum vert arrangert i samarbeid med Hardanger folkemusikksamling og med støtte frå Norsk kulturråd.

Logo, Norsk kulturråd