Norsk English

Fliflet/Hamre

Hardanger folkemuseum, loftet

13.02.2015 19:30

Med trekkspel og trommesett supplert med song, melodika og gryter, har Gabriel Fliflet og Ole Hamre skapt ein heilt eigen stil som har begeistra både publikum og kritikarar. Fredag 13. februar kl 19.30 spelar dei på Hardanger folkemuseum.

I Fliflet/Hamres musikk står leikelyst og innleving sentralt, og det meste kan skje:

Rå balkantonar dundrast ut mellom vare nordiske moll-perler og jødiske ettertenksamheiter, norske kystmelodiar eller italienske partisansongar. Og Harald Sæverud vert dratt med på 9-takts-kalas hos serbiske sigøynarar ...

Iblant let Ole Hamre trommene kvila, og lagar vakker og uhørt musikk på melodika eller sitt eige gryteinstrument Hamrofonen.  - Eller tek på seg steppeskoa!

Ole Hamre (slagverk, melodika, song) har bakgrunn frå pop, rock, jazz og etnisk musikk frå Afrika og Latin-Amerika. I Fliflet/Hamre har han arbeidd mykje med asymmetrisk rytmikk, både innan norsk og balkansk folkemusikk. Har vore med i bl.a. Secret Mission, The Talisman Group (inkl. Bugge Wesseltoft), Son Mu og har samarbeidd med bl.a. Ole Paus og Ketil Bjørnstad. Komponerer spektakulære musikkverk, er ein av leiarane i innvandrarborn-prosjektet Fargespill.

Gabriel Fliflet (trekkspel, song) har erfaring frå ei rekke ulike folkemusikktradisjonar. Han har spelt norsk folkemusikk og gamaldans, vore sentral i ulike balkanmusikkgrupper og samarbeidd med ei rekke leiande folkemusikarar. Han er musikalsk vert på folkemusikklubben Columbi Egg i Bergen. Gabriel Fliflet har komponert fleire tingingsverk - m.a. Åresong med tekstar av Jon Fosse, og  VALSERIA.

Pub og quiz 

Dørene opnar omlag ein time før konsertstart. Det vert sal av forfriskingar, og etter konserten vert det quiz.

Konsertane på Hardanger folkemuseum vert arrangert i samarbeid med Hardanger folkemusikksamling og med støtte frå Norsk kulturråd.

Logo, Norsk kulturråd