Norsk English

Konsert Frank Rolland og Kjellbjørn Karsrud

Konsertscena på loftet

20.11.2015 19:30

Konsert, hardingfele og arkivopptak av og med Frank Rolland og Kjellbjørn Karsrud, Hardanger folkemuseum fredag 20. november kl 20.30.

Desse to karane har hatt fingrane djupt inne kvart sitt folkemusikkarkiv i lengre tid, og frå desse fantastiske samlingane kjem dei med godbitar som me får høyre under konserten. Kombinasjonen av arkivopptak me altfor sjeldan høyrer og live hardingfelespel kan utarte seg til ein slags musikalsk boksekamp mellom to stormakter der Hardanger møter Valdres i ringen.

Pub

Dørene opnar omlag ein time før konsertstart. Det vert sal av forfriskingar.

Solo folkemusikk er ein konsertrekke der solisttradisjonen innan folkemusikk vert lyfta fram.

Konsertane på Hardanger folkemuseum vert arrangert i samarbeid med Hardanger folkemusikksamling og med støtte frå Norsk kulturråd.

Logo, Norsk kulturråd