Norsk English

Konsert Ottar Kåsa

Konsertscena på loftet

16.10.2015 19:30

Hardanger folkemuseum presenterer Ottar Kåsa, vinnar av Landskappleiken 2015, fredag 16. oktober kl 19.30!

Ottar Kåsa kjem frå Arabygdi i Vinje. Nyleg vann han Landskappleiken i klasse A, hardingfele for tredje gong!

Ottar er for tida busett i Bø der han virkar som spelemann og hardingfelemakar på heiltid. Han er inspirert av mange spelemenn og spelstilar, både i Telemark og elles i landet. Blant dei viktigaste er Eivind Mo, Olav Løndal, Bjarne Herrefoss og Buen-spelemennene. I tillegg nemner han Gunnulv og Halvor Borgen som viktige førebilete for spelet sitt.

Pub og quiz 

Dørene opnar omlag ein time før konsertstart. Det vert sal av forfriskingar, og etter konserten vert det quiz.

Solo folkemusikk er ein konsertrekke der solisttradisjonen innan folkemusikk vert lyfta fram.

Konsertane på Hardanger folkemuseum vert arrangert i samarbeid med Hardanger folkemusikksamling og med støtte frå Norsk kulturråd.

Logo, Norsk kulturråd