Norsk English

Open dag 2014

Hardanger folkemuseum

14.09.2014 14:00 til 17:00

Velkomen til Open dag 2014 sundag 13. september kl 14 -17

PROGRAM / AKTIVITETAR UTE OG INNE kl 14 - 17

 

I Årstova kan ein for fyrste gong prøva seg på svidekor ; i Kalandsbua like ved kan ein få måla sitt eige bumerke. Begge opplegga er for born og i samband med jubileumsutstillinga om symbolbruk.

Folgefonna Husflidslag stiller opp også i år med fleire aktivitetar for born medan Inger Mari Råen tek med seg hestar for dei som vil prøve ein ridetur gjennom tunet.Som i fjor kanborn få prøve seg på å byggje sitt eige lafta hus med helletak. Det ferdige huset er perfekt som leikestove!

I Sjur Svartveit si gamle krambu på kaien vert det dropskoking. Her kan ein smake og handle drops og slikkepinnar. Og alle kan gle seg til to klassiske innslag påOpen dag- eldhuspizza og eplesmoltringar.

 

Eldre dekorasjon teknikkar omvising i kunstlandskap

I Årekolstova vil Johild Mæland demonstrerer rosemåling. Her kan publikum verte betre kjend med den dyktige rosemålaren Grunnar Arnfinnsen Årekol som ein gong budde i dette huset. Her vert det og ei minutstilling av såkalla Årekolskrin. Går ein vidare til Tronesstova kan publikum få prøve seg på ein annan eldre dekorteknikk- kroting.

Kunstverka som står rundt på museumsområdet har vekt mykje interesse og stor beundring sidan dei kom opp i mai. På Open dag vil kurator for prosjektet - Kjell Erik Ruud - ta med publikum rundt landskapskunsten, Mellom Himmel og fjord.

I museumsbygget har ein høve til å sjå filmen om skifabrikken på UtneDen gamle mannen og skiaeller ta ein kopp kaffi med heimebakst på terassen.

 

Gratis for alle - hjarteleg velkomen !!