Norsk English

Ingunn Stræte Lie og Jo Asgeir Lie

Konserscena på loftet

12.09.2014 19:30

Ingunn Stræte Lie og Jo Asgeir Lie inntek konsertscena på Hardanger folkemuseum fredag 12. september kl 19.30.

To av norges beste trekkspelarar, to som har langt meir enn ei normalt sterk
interesse for folkemusikk på trekkspel og durspel er på turné med ein
produksjon dei har kalla To trekkspel under same tak.

Ingunn Stræte Lie og Jo Asgeir Lie har vore sentrale i musikklivet både nasjonalt og lokalt i Hallingdal sidan slutten på 1990‐talet. Konserten gjev eit lite innblikk i musikken som opptek dei to trekkspelarane, og som har gjeve dei inspirasjon. Sjølv om dei stort sett har arbeidd med kvar sine musikalske prosjekt, har det av og til hendt at Ingunn og Jo Asgeir har spela saman. Dette samarbeidet har gjeve
meirsmak, og programmet To trekkspel under same tak har teke form. Musikalsk ligg dei etter eige utsegn i skjæringspunktet mellom sære reinlendarar frå Hallingdal og svenske polskaer. Midt mellom desse to ytterpunkta har dei laga musikk både til eige bruk, og musikk som har blitt komponert til ulike prosjekt dei har medverka i.

Jo Asgeir kom til Ål i 1999, hadde arbeidet sitt som kulturskulerektor i Ål fram til i 2012, då han overtok som rektor ved Ole Bull Akademiet på Voss. Parallelt med det administrative arbeidet har også folkemusikkgruppa Kvarts vore ein sentral del av virket hans, og etter kvart har han også skrive musikk for ulike ensemble og prosjekt.

Ingunn er ein allsidig utøvar, pedagog og administrator. Ho har vunne kongepokal i dans, og blitt nominert til Spellmannprisen, i tillegg til at ho frå 2006-2011 var dagleg leiar for Den Norske Folkemusikkveka. Ho har også også lært opp ein ny generasjon av toradarspelarar gjennom arbeidet i kulturskulane i Ål og Gol fram til 2012. I dag er ho tilsett som kultransvarleg i Geilo kulturkyrkje, i tillegg til at ho driv konsertscenen Fryd Scene.

Me ser fram til ein solid dose trekkspel, og ynkjer publikum hjarteleg velkomne til ein konsert som sikkert vil falla i smak for mange!

Pub og quiz 

Dørene opnar omlag ein time før konsertstart. Det vert sal av forfriskningar, og etter konserten vert det quiz.

Konsertane på Hardanger folkemuseum vert arrangert i samarbeid med Hardanger folkemusikksamling og med støtte frå Norsk kulturråd.

Logo, Norsk kulturråd