Norsk English

Hall, loft og stove: Aristokratiets residensar i norsk mellomalder

Hardanger folkemuseum

17.09.2014 20:30

Onsdag 17. september kl 20.30 held arkeolog Øystein Ekroll foredraget Hall, loft og stove: Aristokratiets residensar i norsk mellomalder, i samband med mellomalderseminaret i Agatunet. Foredraget er i kafeen på Hardanger folkemuseum, og er ope for alle interesserte.

Øystein Ekroll er arkeolog og forskar. Han har magistergrad i nordisk mellomalderarkeologi ved Universitetet i Bergen frå 1986. I dag er han førsteamanuensis ved Nidaros Domkirkes Restaureringsarbeider, der han har arbeidd sidan 1992.

Ekroll er spesialist på bygningsarkeologi, og har arbeidd med konservering av steinbygningar og ruinar i heile Noreg. Han har delteke ved ei lang rekkje utgravingar i Noreg og Hellas, og har publisert eit større antall artiklar om bygningshistoria i mellomalderen.