Norsk English

Åse Teigland og Frank Rolland

Konsertscena på loftet

05.09.2014 19:30

Åse Teigland og Frank Rolland held konsert i lag på Hardanger folkemuseum fredag 5. september kl 19.30

Det er to svært dyktige felespelarar og formidlarar som inntek konsertscena på loftet denne fredagen. Me tør lova ein kveld der solospel og hardangertradisjon står i høgsete.

Åse Teigland er frå Utne i Hardanger og vart den fyrste kvinnelege hardingfelespelar som vann fyrsteplassen i eliteklassa/hardingfele på Landskappleiken i 2005. Ho har turnert landet rundt, både som soloartist og i samspel med andre (Dei beste damene m. fl.). Ho har også delteke på ei rekke internasjonale konsert og turnéprosjekt, og har gjeve ut fleire kritikarroste CDar. Teigland framviser sterkt personleg og fargerikt hardingfelespel, og er blant dei fremste unge spelkvinnene i dag.

Frank Rolland har vore tilsett som fylkesmusikar i Hordaland sidan 1996 og har arbeidsplass her på Hardanger folkemuseum der han mellom anna tek hand om det rikhaldige folkemusikkarkivet. Rolland er fyrst og fremst soloutøvar, men har samarbeidd med ei rekkje andre musikarar og musikkformer. Han tok til å spela hardingfele i musikkskulen med Knut Hamre som lærar. Hamre har sidan vore den fremste læremeisteren. Rolland har utdanning frå folkemusikklina ved Fagernes v.g. skule. Han har vore knytt til musikkskulane i Hardanger som lærar og har vore instruktør på ei rekkje kurs og samlingar, og gjeve ut fleire CD-ar, mellom anna Hardingfele som kom i 2008. 

Pub og quiz 

Dørene opnar omlag ein time før konsertstart. Det vert sal av forfriskningar, og etter konserten vert det quiz.

Konsertane på Hardanger folkemuseum vert arrangert i samarbeid med Hardanger folkemusikksamling og med støtte frå Norsk kulturråd.

Logo, Norsk kulturråd