Norsk English

Sesongopning på Skredhaugen

Skredhaugen

22.06.2014 14:00

Sesongopning sundag 22. juni kl 1400! Konsert med Benedicte Maurseth, utstillingsopning, kafé ved Skredhaugens vener.

Sommarutstillinga i år - Common humanity - er måleri av  Kjersti Stenshorne frå Hokksund. Sjølv seier kunstnaren dette om bileta: Stilmessig befinner jeg meg i skjæringspunktet mellom det figurative, det ekspresionistiske og det abstrakte. Grunnleggende er det utfordringene i fargenes kontraster, hvordan de påvirkes gjensidig  i strøk og struktur samt flatenes form og møter som opptar meg.
Stenshorne arbeider til dagleg innanfor psykiatrien. Hennar førebilete inkluderer Helene Sjarfbeck som tilsynelatande enkelt  får fram ei stemning og Egon Chile som målar og teiknar det primitive og lidande mennesket. Direktør ved Hardanger og Voss museum Trude Letnes opnar utstillinga.


Etter opninga vert det konsert med Benedicte Maurseth. Benedicte Maurseth (f.1983), frå Eidfjord byrja å spele hardingfele frå ho var åtte år gamal hjå sin meister Knut Hamre. Sjølv om det er den solistiske musikken som står hennar hjarte nærmast, arbeider ho også med mange av dei fremste kunstnarar på tvers av sjangrar, særleg innan tidelegmusikken, men også mykje saman med forfattarar og skodespelarar som til dømes: Jon Fosse, Svein Tindberg, Anne Marit Jacobsen, Knut Hamre, Nils Økland, Berit Opheim og Gabriel Fliflet. Maurseth har også fleire CD-utgjevingar bak seg, og i 2014 gjev ho ut saman med Åsne Valland Nordli CD-en Over Tones på det prestisjetunge plateselskapet ECM Records. I år debuterer Maurseth også som forfattar på Det Norske Samlaget med boka: Å vera ingenting - Samtalar med spelemannen Knut Hamre.