Norsk English

Høyringsmøte Hardingfelesenter

Hardanger folkemuseum

10.06.2014 18:30

Styringsgruppa for prosjektet Hardingfelesenter i Hardanger inviterer til ope høyringsmøte på Hardanger folkemuseum tysdag 10. juni kl 18.30.

Bakgrunn for prosjektet Hardingfelesenter i Hardanger er trongen for å styrkja levekåra og livskrafta til hardingfeletradisjonen. Forprosjektet som vart gjennomført i 2012/13 konkluderte med at det både er behov og moglegheiter for eit nasjonalt hardingfelesenter.

Styringsgruppa for prosjektet held no på med hovudprosjektet, som skal munna ut i oppstart og søknad om driftmidlar i 2015. Gruppa er komen så langt at ein ynskjer å presentera arbeidet for alle som er interesserte, samt å få innspel på dei framlegga ein har til organisering, arbeidsfelt og lokalisering. 

Alle interesserte er hjarteleg velkomne til høyringsmøte på Hardanger folkemuseum, tysdag 10. juni kl 18.30

Styringsgruppa består av:
Trude Letnes, Hardanger og Voss museum, leiar
Bjørn Aksdal, Rådet for folkemusikk og folkedans
Anne Aune, Hordaland fylkeskommune
Arne Jordan, Hardanger spelemannslag
Jo Asgeir Lie, Ole Bull Akademiet
Agnete Sivertsen, Hardanger og Voss museum

Prosjektleiarar: Stein Storsul og Jarl Holstad

Filer