Norsk English

Opning av jubileumsutstilling og konsert med Sigrid Moldestad

Hardanger folkemuseum, Utne

04.05.2014 16:30

Utstillingsopning: Krossen - symbol og dekor i folkekunsten og konsert med Sigrid Moldestad!

Utstillingsopning

Kva tydingar og bruk har krossen hatt i folkekulturen ? Symbolet er av dei eldste ein kjenner til og brukt over heile verda. Ein finn krossen i det norske flagget - av kristne årsaker og etter mønster frå andre nordiske kross -flagg. Samstundes finn me ein utstrakt bruk av versjonar i folkekulturen: på bygningar, brukt som bumerke (signatur), på tekstilar, på instrument og på gjenstandar brukte i dagleglivet. Ein finn og dei versjonane som seinare vart negativt ladde: solkross og hakekross. 

Kvifor er  symbola så verksame og viktige for folk? Kvar tydingar har dei hatt? Og kva skjer når grupper gjer symbola til sine og snur om på meining? Me ser krossar brukt som vern mot vonde makter,  for å fremje lukke, fruktbare forhold og som reine dekorelement. Utgangspunktet er materiale og gjenstandar frå Hardanger - med enkelte innslag frå Voss. Tidsmessig vert tyngdepunktet frå mellomalder til ca 1900 men med enkelte sprang tilbake til førkristen tid og fram til symbolbruk i dag.

Spennande arkeologiske innlån, Jåstadfela - verdas eldste hardingfele - kombinert med «nye» ukjent funn vert viste fram på utstillinga. Nokre av desse kan ein sjå for aller første gong i Hardanger!

Program
Opning ved Bjørn Christensen, styreleiar for Hardanger og Voss museum
Om utstillinga v/Helena Kjepso
Krossen i folkekulturen ved Mikkel Tin
Konsert med Sigrid Moldestad m/ band

Ope kafé med heimabakst og forfriskningar.

Arrangementet er støtta av Norsk kulturråd og Hardanger 2014.

logo Hardanger 200

Logo, Norsk kulturråd