Norsk English

Rydvall/Mjelva

Hardanger folkemuseum

04.04.2014 19:30

To musikarar, to land, to instrument og til saman 25 strengar! Høyr Rydvall/Mjelva på Hardanger folkemuseum fredag 4. april kl 19.30.

Rydvall/Mjelva er eit uvanleg og inspirert duosamarbeid mellom ein svensk og ein norsk folkemusikar. Erik Rydvall, nyckelharpe, og hardingfelespelemann Olav Luksengård Mjelva er blant dei beste folkemusikarane i sin generasjon. To nysgjerrige musikarar, med godt rotfeste i tradisjonane dei kjem frå. Duosamarbeid med hardingfele og nyckelharpe har i svært liten grad vore gjort tidlegare.

Repertoar og spelestil på dei to instrumenta er i utgangspunktet svært ulike, men dei to musikarane får kombinasjonen til å låta både naturleg og spennande. Musikken er både stemningsfull, fengande og dansbar, og samspelet slår verkeleg gneistar. Debutalbumet Isbrytaren (Heilo) vart som kom ut i 2013 fekk svært gode kritikkar og vann den norske folkelarmprisen i klassen for tradisjonelt samspel.

Erik Rydvall kjem frå Västerbotten og har studert nyckelharpespill ved Eric Sahlströms Institutet i Tobo og Den Kungliga Musikhögskolan i Stockholm. Han har dei siste åra vorte sett på som ein av dei beste unge nyckelharpeutøvarane, og er kjendfor sin energi og virituositet. Erik spelar mellom anna med den prisvinnande folkmusikktrioen Nordic.

Olav Luksengård Mjelva frå Røros er ein av Noregs mest aktive felespelarar. Han vart kåra til årets norske folkemusikar under Folkelarm 2013. Han er eit grunnleggande medlem i både norsk-svenske SVER og The Nordic Fiddlers Bloc. I tillegg spelar han med fleire andre prosjekt. I 2010 fekk Olav Spelemannprisen for sin fyrste soloplate. I 2011 fekk han prisen som medlem i Unni Boksasp Ensemble. Olav er mykje nytta som studiomusikar og har spelt på godt og vel 30 utgjevingar. Han er også ein mykje nytta kursholdar og dansemusikar både i Noreg og i utlandet.

Pub og quiz 

Konserten vert på loftet i dei nyopna kafélokala. Dørene opnar omlag ein time før konsertstart. Det vert sal av småmat og forfriskningar, og etter konserten vert det quiz.

Konsertane på Hardanger folkemuseum vert arrangert i samarbeid med Hardanger folkemusikksamling og med støtte frå Norsk kulturråd.

Logo, Norsk kulturråd