Norsk English

Konsert og dans

Hardanger folkemuseum

14.03.2014 19:30

Det er med stor glede museet inviterer til konsert og dans med Hardanger Spelemannslag laurdag 8. mars kl 20.00

kl 20 Konsert med spelemannslaget

kl 21 Hardanger Spelemannslag spelar til dans.

Spelemannslaget stilte på Landskappleiken på Røros sist sommar til topplassering - som andre beste hardingfelelag! Då hadde dei ikkje spelt ilag på kappleik sidan Eidfjord i 2004.

På konserten får me høyra medlemmene i solo og samspel. Fleire av utøvarane er av dei aller beste i landet. I desse dagar øver spelemannslaget til den store Hardangermarkeringa som skal vere i Oslo Konserthus 22. mars. Dessutan til ny landskappleik på Geilo i slutten av juni.

Etter konserten fortset kvelden med dansespel med komp, open pub og kafé.

Hjarteleg velkomen!