Norsk English

Hazelius og Hedin

Konsertscena på loftet

17.10.2014 19:30

Esbjörn Hazelius og Johan Hedin held konsert på Hardanger folkemuseum fredag 17. oktober kl 19.30.

Hazelius og Hedin hadde fantastisk flott konsert på museet i 2012, og det er med stor forventning me no kan ynskje dei velkommen tilbake.

Johan Hedin er nyckelharpe-spelemann og komponist med bakgrunn både fra tradisjonell opplæring hjå eldre læremeistrar og ved Kungliga Musikhögskolan i Stockholm. Hedin er ein av Sveriges fremste nyckelharpespelemenn og har stundom blitt kalla nyckelharpas svar på Jimi Hendrix. Han har utarbeidd ein eigen måte å handtere instrumentet på og har bak seg ei rad plateutgjevingar, både eigne og i samspel med andre. Johan Hedin er medlem av bl.a. gruppa Bazar Blå.

Esbjörn Hazelius er mest kjent frå grupper som Quilty, Eitre og Sofia Karlssons band. Hazelius har dei musikalske røter sine djupt planta i folkemusikktradisjonane frå Skåne, men han er i tillegg ein av Skandinavias fremste ekspertar på irsk folkemusikk. Han er ein framifrå songar og ein driven instrumentlist. Debutalbumet hans, "Om du ville människa heta" kom ut i 2010.

Pub og quiz 

Dørene opnar omlag ein time før konsertstart. Det vert sal av forfriskningar, og etter konserten vert det quiz.

Konsertane på Hardanger folkemuseum vert arrangert i samarbeid med Hardanger folkemusikksamling og med støtte frå Norsk kulturråd.

Logo, Norsk kulturråd