Sty

Hardanger folkemuseum

13.09.2013 19:30

Sty er eit tinndølsuttrykk for dansemoro, eller dansefest. Og fest vert det når Unni Boksasp i lag med Sigbjørn Rua og Per Anders Buen Garnås presenterer song, dans og spel frå Tinn og traktene i kring på Hardanger folkemuseum fredag 13. april. Same kveld opnar fotoutstillinga Ei fele fortel ti historier.

Unni Boksasp er folkesongar frå Nordmøre, no busett i Tinn i Telemark. Ho arbeider som musikar på heiltid, både som solo kvedar, i ulike ensemble og som pedagog. Si formelle utdanning har ho frå Kungliga Musikhögskolan i Stockholm og frå Høgskolen i Telemark, avdeling Rauland. I tillegg har ho gått i lære hjå fleire av dei framste folkesongarane i Skandinavia. Ho vann eliteklassa i vokal folkemusikk - klasse A - både i 2010 og i 2011.

Sigbjørn Rua høyrer til toppsjiktet av folkedansarar i Noreg. Blandt anna har han gått til topps i lausdans under Landskappleiken fleire gongar, og dansar for dansekompaniet FRIKAR.

Per Anders Buen Garnås vart tidleg ein særs god spelemann med stor slåttekunne. Han har vakse opp med spel og song i heimen og i familien. Han spelte seg opp i eliteklassa, klasse A, på Landskappleiken i 1999, som ein av dei yngste nokon sinne, og vann denne i 2003 og i 2010.

Pub og quiz 

Konserten vert på loftet i dei nyopna kafélokala. Dørene opnar omlag ein time før konsertstart. Det vert sal av småmat og forfriskningar, og etter konserten vert det quiz.

Konsertane på Hardanger folkemuseum vert arrangert i samarbeid med Hardanger folkemusikksamling og med støtte frå Norsk kulturråd.

Logo, Norsk kulturråd