Norsk English

Open dag

Hardanger folkemuseum

08.09.2013 13:30 til 17:00

Sundag 8. september feirar me kulturminnedagen med det årlege arrangementet Open dag på Hardanger folkemuseum.

PROGRAM

kl 14.00 NYopning av felemakarverkstaden i folkemusikkavdelinga

Det er ei glede for museet å ønskje Arne Jordan velkomen som ny gjestefelemakar i verkstaden på museet. Jordan som sjølv er ein erfaren spelemann, har tidlegare vore lærar i kulturskulen i Odda og er ein ivrig dansar. Dei seinare åra har Jordan jobba med felebyggarfaget og lært mykje av den etablerte felemakaren Harald Kvandal. Frank Henrik Rolland spelar under opninga.

Kl 14.30 og 15.30 Matekspert og turbobudeie Bodil Nordjore held miniforedrag i Årestova: Graut gjennom tidene

Fagansvarleg for tradisjonsmatstudiet i Telemark - Bodil Nordjore - er aktiv i ulike matprosjekt over heile landet. Ho arbeider blant anna med eit mat- og reiselivsprosjekt for Telemark, der reiselivsbedrifter og produsentar er saman om å sette fokus på den lokale maten. Me kjenner ho frå NRK; frå fleire kokebokutgjevingar og frå hennar besøk i Agatunet nyleg. Bodil kokar graut i årestova, og for dei som har lyst er det høve å kjøpa seg ein god tallerken graut med raud saft til. Bodil fortel morosamt og levande om grautens historiske røter og viktige posisjon i kosthaldet.

Kl 15.00 -16.00 Folkedans med Per Nornes i skulestova

Denne våren har Per Nordnes gjennomført danskurs for born og vaksne både i Hardanger og i Hallingdal. No er turen komen til museet og skulestova frå Djønno. Musikk vert ved felespelar Frank Henrik Rolland - alle danselystne er velkomen.

AKTIVITETAR UTE OG INNE

Riding, rebusløp, eldhuspizza og dropskoking

I Lussandstova har husflidslaget fleire aktivitetar for born. Wenche Dyrdal tek med seg hestar så interesserte kan få seg ein ridetur gjennom tunet.

I Sjur Svartveit si gamle krambu på kaien vert det dropskoking. Her kan ein smake og handle drops og slikkepinnar. Vi inviterer borna med på rebusløp gjennom hus og tun - og alle kan gle seg til eit av dei klassiske innslaga påOpen dag- eldhuspizza!

Eldre dekorasjons og handverks- teknikkar

Nytt i år er at born kan byggje sitt eige lafta hus med helletak. Dei får prøve seg på lafteteknikken og bli kjende med korleis ein legg eit godt helltak. Det ferdige huset er perfekt som leikestove!
I 2011 vart Tronesstova på museet krota oppatt under leiing avkrotekone Johild Meland. PåOpen dag kan publikum sjølve få prøve seg på kroting og få kjennskap til bakgrunnen for skikken.

I tunet vil handverkarane demonstrere vøling av gamle vindauge, korleis ein kittar kring glasa og høvlar til listverk.

På Open dag tek vi dessutan fram tekstilar frå magasinet - i år er det bringklutar og perlebelte vi syner fram. Det vert demonstrasjon av perletreing.