Norsk English

Hardingfela slik me aldri har sett henne før

Hardanger folkemuseum, loftet

13.09.2013 19:30

Fredag 13. september kl 19.30 opnar fotoutstillinga Ei fele fortel ti historier, av Morten Golimo. Same kveld er det og konsert med gruppa Sty.

Sommaren 2012 var fotograf Morten Golimo invitert til å vera festivalkunstnar for Hardanger Musikkfest. Som ein del av førebuingane til utstillinga vitja Golimo feleutstillinga på Hardanger folkemuseum, og tok nokre fantastiske foto av ei 128 år gamal fele. Fotoserien fekk namnet Ei fele fortel ti historier, og syner oss fela slik me aldri har sett henne før. Desse fotoa vert no utstilt på loftet på Hardanger folkemuseum, i lokala der konsertscena held til.   Leiar i HardingPuls, Solfrid Aksnes opnar utstillinga fredag den 13. september. Fela er laga i Telemark av den kjende felemakaren Gunnar Helland, og me syns det er ekstra morosamt å opne utstillinga samstundes som me har konsert med telemarkingane i gruppa Sty. Kanskje vert det og høve å høyra lyden av Hellandfela?


Morten Golimo er fotograf, videokunstnar og historiefortellar. Om utstillinga seier han:
- Ikkje visste eg at ei 128 år gamal fele kunne fortelja meg noko om monstermaster, Nøkken, Fossegrimen, SoriaMoria slott og døden. Tre gongar måtte eg låna fela før eg klarte å knekka koden og sjå kor mykje som bur av visdom og eventyr i ei hardingfele. Dei fyrste forsøka vart ikkje gode nok, og Morten Krogvold som var min mentor sa til meg; "dette er berre ein dokumentar av ei fele, fordi du let motivet koma i vegen for fotografiet. Bruk lyset, for p.... og jobb meir!". Så jobba eg meir. Så lot eg lyset virka. Og plutseleg kom historiene til syne. Eg er glad for å kunna dela dei med andre.