Norsk English

Annbjørg Lien og Catriona MacDonald

Hardanger folkemuseum

14.06.2013 19:30

Nytt høvet og kom på konsert når Annbjørg Lien, Catriona MacDonald og Damien O´Kane vitjar konsertscena på Hardanger folkemuseum fredag 14. juni kl 19.30! Etter konserten vert det pubkveld og quiz.

Annbjørg Lien er ein av våre beste felespelarar. Ho har solid forankring i tradisjonsmusikken, men kryssar stadig nye musikalske grenser. Etter å ha samarbeida med musikarar frå mange nasjonar, og latt seg inspirera av andre kulturar, framstår ho internasjonalt som ein sterk formidlar av "World Music" like mykje som norsk folkemusikk.

Catriona MacDonald er frå Shetland og høyrer til den yngre generasjonen av felevirtuosar derifrå. Ho er levande interessert i norsk tradisjonsmusikk og har vore i Noreg mange gongar. Både Catriona MacDonald og Annbjørg Lien er medlem av den internasjonalt kjente gruppa String Sisters.

Damien O´Kane frå Irland har eit rykte for å vere ein kreativ og spanande musikar, songar og komponist. Han spelar primert banjo, og etter som den engelske pressa skriv er han i eigne klasse på dette instrumentet! I tillegg trakterar han ulike typar gitar.

Han er fast medlem av Kate Rusby band, har give ut fleire soloplater og han har samarbeidd med mange velkjende artistar verda rundt!

Pub og quiz 

Konserten vert i kaféen på loftet. Dørene opnar omlag ein time før konsertstart. Det vert sal av småmat og forfriskningar, og etter konserten vert det quiz.

Konsertane på Hardanger folkemuseum vert arrangert i samarbeid med Hardanger folkemusikksamling og med støtte frå Norsk kulturråd. Denne konserten er og i samarbeid med haukeliseterfestivalen.

Logo, Norsk kulturråd