Norsk English

Konsert Knut Hamre og Gunnar Stubseid

Hardanger folkemuseum

08.02.2013 19:30

Setesdal og Hardanger møtast i ein forrykande konsert når Gunnar Stubseid og Knut Hamre inntek scena på Hardanger folkemuseum fredag 8. februar kl 19.30. Oppvarming ved hardingfele-elevane Jonas Laupsa, Per Sævartveit og Simon Jonsen!

Gunnar Stubseid er ein spelemann med ein allsidig karriere: to utgjevingar med gruppa Slinkombas, den fyrste fekk Spellemannprisen i 1979, to plater i samarbeid med svenske Ale Møller, samt andre samarbeidsprosjekt med musikarar som Vidar Lande, Kirsten Bråten Berg, Hallvard T. Bjørgum, Bjørn Ståbi, Per Gudmundsson, Lena Willemark og Sondre Bratland. Stubseid kom med eiga soloplate - Gorrlaus - i 2008. Frå 2003 til 2011 var han rektor ved Ole Bull Akademiet på Voss, der han bl.a. var med å etablere eit opplæringstilbod i hardingfelemakeri.

Knut Hamre frå Granvin i Hardanger har sidan tidleg på 70-tallet markert seg som ein av våre aller fremste spelemenn. Han har vunnet ein rekkje landskappleiker og turnert i inn- og utland, og er ein stilskapar som har inspirert mange framståande yngre utøvarar. I 2010 gav han ut soloplata Ferd. Her finn me det gamle Mosafinnspelet med sine korte reindyrka slåtteformar og karakterisitiske, slagferdige stil, dei rike, utbygde slåttane i tradisjonen etter Halldor Meland, lokale slåttar frå Granvin og nylagde slåttar på ulike måtar.

Jonas Laupsa, Per Sævartveit og Simon Jonsen er alle fødd år 2000. Dei er elevar i kulturskulen og med i Hardanger juniorspelemannslag. Alle er svært ivrige med fela og gler seg til å få spela konsert på Utne!

 

Pub og quiz 

Konserten vert på loftet i dei nyopna kafélokala. Dørene opnar omlag ein time før konsertstart. Det vert sal av småmat og forfriskningar, og etter konserten vert det quiz.

Konsertane på Hardanger folkemuseum vert arrangert i samarbeid med Hardanger folkemusikksamling og med støtte frå Norsk kulturråd.

Logo, Norsk kulturråd