Norsk English

Folketonar i ventetid

Eidfjord samfunnshus

08.12.2013 17:00

Forventningane er høge. FOLKETONAR I VENTETID har tidlegare gått for fulle hus i fleire kommunar i Hardanger. No er det endeleg Eidfjord sin tur! Førjolskonserten vert framført i Eidfjord samfunnshus sundag 8. desember kl 17.00.

Me er inne i ventetida, ei ventetid full av håp og gleda! Og det er no på den  mørkaste tida me tek fram nostalgien, ljoset og varmen i oss! Prosjektet har vore førebudd i lang tid og elevane ved Lægreid skule har hatt kvedarkurs med Reidun og lært "nygamle" songar som er vorte turka støv av og øvd inn i fleire veker på førehand.

Elevane er  heldige og får med seg profesjonelle musikarar: Geir Botnen-klaver, Ivar Kolve-percusjon, Frank Henrik Rolland-hardingfele, Einar Mjølsnes-hardingfele/viola da gamba og Ole Marius Sandberg-kontrabass. I tillegg vert statsstipendiat Guttorm Rogdaberg forteljaren i framsyninga. Solist vert fylkeskvedar Reidun Horvei.

Publikum skal òg få ta del med jolesongar; songar som vart sungne lang tid attende og andre jolesongar som til og med vart skrive under ein stikkelsbærbusk midt på sumaren! Konserten er ei stormønstring som knyter generasjonane saman!