Norsk English

Berit Opheim

Hardanger folkemuseum

13.12.2013 19:30

Endeleg kjem Berit Opheim til konsertscena på Hardanger folkemuseum. Ho held solokonsert fredag 13. desember, heilt utan jolesongar! Me startar kl 19.30.

Berit Opheim er ein av våre fremste og viktigaste kvedarar. Stemma hennar har nærast ingen grenser, og Berit har dei siste åra drive med kunstnarisk verksemd på scener i Norge, Europa og Asia. Ho er medlem i fleire ensemble og ein etterspurt songar både innan folkemusikk, jazz og samtidsmusikk.

Til Hardanger folkemuseum kjem ho med konserten Tre vakre vener. Med song og forteljingar får me verta kjende med tre av dei viktigaste kjeldene til Opheim, Margreta Opheim, Olav Fletre og Ragnar Vigdal.

Pub og quiz 

Dette vert den siste fredagskonserten denne hausten. Dørene opnar ein time før start: etter konserten vert det pubkveld og quiz.

Konsertane på Hardanger folkemuseum vert arrangert i samarbeid med Hardanger folkemusikksamling og med støtte frå Norsk kulturråd.

Logo, Norsk kulturråd

Filer