Norsk English

Sudan Dudan

Hardanger folkemuseum

01.11.2013 19:30

Suksessduoen Sudan Dudan vitjar konsertscena på Hardanger folkemuseum fredag 1. november kl 19.30.

Marit Karlberg og Anders Røine har på kort tid slått igjennom som ei av dei mest interessante gruppene innan norsk folkemusikk i dag. Med skillingsviser, skjemteballadar, slåttestev og bånsullar lagar dei særeigne, ofte improviserte, arrangement for song og strengeinstrument. Marit Karlberg akkompagnerer sin eigen song med langeleikspel, medan Anders Erik Røine trakterar gitar, fele, munnharpe, banjo og mandolin i tillegg til song. Med slåtter og viser frå Valdres formidler dei folkeleg fortvilelse, lengt, kjærleik og galskap på eit eineståande, fengslande vis.

Pub og quiz 

Konserten vert på loftet i dei nyopna kafélokala. Dørene opnar omlag ein time før konsertstart. Det vert sal av småmat og forfriskningar, og etter konserten vert det quiz.

Konsertane på Hardanger folkemuseum vert arrangert i samarbeid med Hardanger folkemusikksamling og med støtte frå Norsk kulturråd.

Logo, Norsk kulturråd

 

Filer