Norsk English

Konsert frå Kina

Hardanger folkemuseum

08.11.2013 19:30

AVLYST: Konserten med kinesiske musikarar er diverre avlyst, grunna sjukdom.

Dei kinesiske musikarane Li Li, Lei Ji, Li Tiantian og Wang Zhuan er på Noregsbesøk. Hordaland fylkeskommune og Rikskonsertane inngjekk i januar 2013 ein samarbeidsavtale om utveksling av musikarar mellom Noreg og Kina. Musikarane som i haust vitjar fylket er alle lærare ved Feng Tai Childern`s Palace i Beijing. Dei underviser i kinesisk tradisjonsmusikk og er alle blant dei fremste på  sitt instrument i Kina.

I Hordaland vil dei halde skulekonsertar for elevar i grunnskulane i Voss kommune samt seminar/workshop for tilsette og elevar ved Bergen kulturskule. Kultur og idretettavdelinga i fylkeskommune  er arrangør og vertskap for musikarane under det tre veker lange opphaldet. Dei gjer og nokre kveldskonsertar som er ope for alle, mellom anna på Hardanger folkemuseum.


Pub og quiz
 

Konserten vert på loftet i dei nyopna kafélokala. Dørene opnar omlag ein time før konsertstart. Det vert sal av småmat og forfriskningar, og etter konserten vert det quiz.

Konsertane på Hardanger folkemuseum vert arrangert i samarbeid med Hardanger folkemusikksamling og med støtte frå Norsk kulturråd.

Logo, Norsk kulturråd

Filer