Norsk English

Konsert med Slagr

Hardanger folkemuseum

18.01.2013 19:30

Fredag 18. januar kl 19.30 er det konsert på Hardanger folkemuseum. Kammerfolktrioen Slagr og folkesongar Camilla Granlien set kvarandre stemne og tek Geirr Tveitts songar og visetonar "heim" til folkemusikken.

Ensemblet er ute på slippturné med si nye plate Tveitt Songs, og konserten vert via  Geirr Tveitts musikk. Vi skal ikkje sova bort sumarnatta får ein sjølvsagt høyra, og musikarane gler seg vel så mykje til å presentera dei meir ukjende, små perlene til tekstar av Aslaug Vaa, Aslaug Laastad Lygre, Olav H. Hauge og Alf Prøysen.


I Camilla Granliens tolkning får Tveittsongane eit strøk av folketonar. Slagr set sitt karakteristiske preg på musikken med lange liner og vare klangar. Slagr er: Camilla Granlien, vokal, Anne Hytta, hardingfele, Sigrun Eng, cello og Amund Sjølie Sveen, vibrafon.

Pub og quiz

Konserten vert på loftet i dei nyopna kafélokala. Dørene opnar omlag ein time før konsertstart. Det vert sal av småmat og forfriskningar, og etter konserten vert det quiz.

Konsertane på Hardanger folkemuseum vert arrangert i samarbeid med Hardanger folkemusikksamling og med støtte frå Norsk kulturråd.

Logo, Norsk kulturråd