Norsk English

Open dag

Hardanger folkemuseum

09.09.2012 13:30

Sundag 9. september feirar me kulturminnedagen med det årlege arrangementet Open dag på Hardanger folkemuseum.

Program

Kl 13.30 Utstillingsopning i storsalen - Bjølvefossen på vranga av Hilde Cathrine Kjepso.

Biletkunstnar Hilde Cathrine Kjepso står bak utstillinga som har henta motiv og tema frå industribygda Ålvik. Kjepso er biletkunstnar med utdanning frå Bergen og Kent. Ho arbeider mest med akryl på lerret, og er opptatt av urbane bymiljø og industristader. Direktør på Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum, Randi Bårtvedt, opnar utstillinga, og gitarist Rune Mandelid bidreg med industrielle gitarriff.

Kl 14.30 Opning av Kalandsbua

Bua frå Kalland er ferdig restaurert og vert opna for publikum. Sjå våre handverkarar leggja siste hand på verket med muring av brannmur og steinarbeid.


Kl 15.00 Åsmund og Maria, forteljingar frå mellomalderen

Forteljar og skodespelar Karen Høie inviterar oss inn i årestova og serverar to mellomalderballadar/forteljingar frå norsk mellomalder. Det er fargerike og valdsomme historier, og i Karen sin versjon har dei ikkje vorte mindre spennande. Forteljingane byggjar på mellomalderballadene Åsmund Frægdegjeva og Agnus Dei, på inntrykk frå ornamentikk og treskurd. Folkeeventyret Jomfru Maria som Gudmor får undervegs hjelp av eit par bånsullar og gamle bønevers.


Kl 15.30 0g 16.30 Tett på med Frank Rolland

Fylkesmusikar og felespelar Frank Rolland held minikonsertar i skulehuset frå Djønno.


Kl 14 - 17  Aktivitetar ute og inne

Bornas dag
Kva slags gjenstandar finn ein i utstillingane og i dei gamle husa? Me inviterer borna med på spennande skattejakt. Islandshesten Frøya står klar til å ta med borna på ridetur.  I Sjur Svartveit si gamle krambu på kaien vert det sal av drops og slikkepinnar. Husflidslaget har aktivitetar for born og det vert ope keramikkverkstad i Østvikhuset. 

Handverk
I Kalandsbua vil handverkarane demonstrera steinarbeid og muring. Ein kan få læra om komposisjonsmåling. Me har funne fram fleire av dei fine opplutane me har i samlinga. Desse kan ein kan sjå utstilt i kafeen.

Mat
Publikum kan også gle seg til eit av dei mest populære innslaga på Open dag - eldhuspizza! Det vert nysteikte mjølkekaker og eplesmoltringar. I kafeén kan ein kjøpa nysteikte vaflar og heimbaka kake.