Norsk English

Blått gådn

Hardanger folkemuseum, loftet

28.09.2012 19:30

Hardanger folkemuseum opnar konserthausten med valdresgruppa Blått gådn fredag 28. september. Etter konserten vert det pubkveld og quiz.

Blått Gådn er ein trio beståande av Ingvild Lie, Lars Skattebu og Harald Høyvik. Med fleirstemmig song, langeleik, gitar, mandolin og indisk harmonium har gruppa Blått Gådn funne sitt særpreg. Musikken dei spelar har mange ulike referansar, men folkemusikk frå Valdres står sterkt i alle arrangementa. Låtane er ei god blanding av eige materiale og tradisjonelle songar frå Valdres.

Konserten vert på loftet i dei nyopna kafélokala. Dørene opnar omlag ein time før konsertstart. Det vert sal av småmat og forfriskningar, og etter konserten vert det quiz.

Konsertane på Hardanger folkemuseum vert arrangert i samarbeid med Hardanger folkemusikksamling og med støtte frå Norsk kulturråd.

Logo, Norsk kulturråd