Norsk English

Konsert med Rannveig Djønne og Annlaug Børsheim

Hardanger folkemuseum

26.08.2012 14:30

I samband med diktardagen sundag 26. august vert det konsert på Hardanger folkemuseum. Duoen Annlaug Børsheim og Rannveig Djønne framførar eigen og tradisjonell musikk.

Annlaug er multiinstrumentalisten frå Ulvik i Hardanger som syng, spelar hardingfele, fem-strengs fele, gitar og det vesle indiske drone-harmoniumet shruti-box. Dei sterkaste musikalske røtene hennar står i folkemusikken, men oppå dei byggjer ho nytt, tek vare på - og riv ned. Ho hentar mykje direkte frå folkemusikken og serverer det i meir eller mindre bearbeida former. I tillegg skriv ho eigen tekst og musikk der ho hentar inspirasjon frå ulike sjangrar og set det saman til sitt eige uttrykk. I 2010 kom ho med si fyrste soloplate, november. Etter fleire år som musikalsk pendlar over Nordsjøen vart denne plata spelt inn i Edinburgh med nokre av skottland sine beste utøvarar. Den hausta gode kritikkar på begge sider av Nordsjøen og vart karakterisert som ei ekte folkpop plate.

Rannveig Djønne frå Hardanger er ein av dei særs få i landet som lever av å spele toradar. Ho tek oppdrag som solist og i dei ulike gruppene ho spelar i. Etter å ha spelt durspel i 25 år kom Rannveig Djønne med sin debutcd; Spelferd heim, slåttar frå Hardanger og Voss på durspel. Utgjevinga førte til eit skikkeleg gjennombrot for Djønne som nyskapande durspelar med slåttetradisjonar frå Hardanger og Voss som eit solid fundament. Spelferd heim har fått glimrande anmeldingar med superlativer som vakkert, melodiøst, nyskapande, ein moden debut og eit meisterverk, og vert omtala som ei av dei viktigaste durspelplatene som er gjeve ut dei siste tiåra. Salstala er særs gode. Den kom på topp 10 lista til Aftenposten over folkemusikkutgjevingar i 2009.

Konsertane på Hardanger folkemuseum vert arrangert i samarbeid med Hardanger folkemusikksamling og med støtte frå Norsk kulturråd.

Logo, Norsk kulturråd