Norsk English

Olav Duun-kveld på Skredhaugen

Skredhaugen, Lofthus

18.07.2012 18:00

Bli kjend med ein av våre fremste diktarar onsdag 18. juli kl 18.00. Då er det duka for Olav Duun-kveld på Skredhaugen, med skodespelar og Duun-kjennar Magne Olav Brevik.

Olav Duun var fødd på øya Jøa i Fosnes kommune 21. november 1876 og døydde i Tønsberg 13. september 1939. Begge foreldra kom med i frikyrkja, som Duun kjende seg heimlaus i. Han var med i det frilynde ungdomslaget på Jøa og publiserte dei første tekstane sine i ungdomslagsbladet Forsøget.
 
Han gav i alt ut 35 romanar, fire novellesamlingar og to barnebøker. Hovudverket hans erJuvikfolke, ein serie på seks band (1918-23). Andre viktige bøker er Medmenneske(1929) og Menneske og maktene(1938).Duun hadde diktarløn frå 1923.