Norsk English

Sesongopning på Skredhaugen

Skredhaugen. Lofthus

16.06.2012 12:00

Ved Ingrid og Bernhard Greve sine samlingar på Skredhaugen startar sesongen laurdag 16. juni. Det vert opning av ny utstilling: 100 år med kunst og handverk på Hordatun, musikkinnslag, kafè mm.

Utstillinga syner arbeid frå tidlegare og noverande lærara innan kunst og handverkfaget ved Hardanger folkehøgskule. I  alt 12 utøvarar er representerte med: treskjering, biletkunst, vev, hardangersaum, perlebroderi, skinnarbeid, keramikk mm. Variasjonen i arbeid og utrykk er med andre ord stor.

Utstillinga vert gjennomført som ledd i 100  - års jubeleet ved skulen og i samarbeid med Skredhaugens vener.