Norsk English

Lars Kroff Lofthus, onsdagskveld på Skredhaugen

Skredhaugen, Lofthus

27.06.2012 18:00

Onsdag 27. juni kl 18.00 inviterar Skredhaugens vener til kunstnartreff med Lars Korff Lofthus. Dette er det fyrste av sommarens onsdagsarrangement i museumstunet på Lofthus.

Lars Korff Lofthus (1978) kjem frå Lofthus, og er no busett på Skredhaugen i kunstnarboligen etter Bernhard Greve. Han er biletkunstnar, utdanna ved Nordiska Konstskolan, Finland, Kongelige Danske Kunstakademi og Kunsthøgskolen i Bergen, avd. Kunstakademiet, der han gjekk ut i 2009 med ein mastergrad i kunst.


Lars Korff Lofthus produserer primært måleri, men arbeider også med skulptur, tekst og installasjonar. Karakteristisk for arbeida er ei forenkla og absurd tilnærming til etablert meining og populærkultur. Innhaldsmessig opererer Lofthus med motstridande element frå gardsoppvekst og urbanitet, grensa mellom alvor og det meiningslause, romantisert rastløyse og vissa om at det ikkje går bra til slutt.