Norsk English

Konsert og pubkveld med Hazelius og Hedin

Hardanger folkemuseum, loftet

15.06.2012 19:30

To av Sveriges mest etablerte folkemusikere har gått saman i duoformat. Esbjörn Hazelius og Johan Hedin held konsert på Hardanger folkemuseum fredag 15. juni kl 19.30.

Johan Hedin er nyckelharpe-spelemann og komponist med bakgrunn både fra tradisjonell opplæring hjå eldre læremeistrar og ved Kungliga Musikhögskolan i Stockholm. Hedin er ein av Sveriges fremste nyckelharpespelemenn og har stundom blitt kalla nyckelharpas svar på Jimi Hendrix. Han har utarbeidd ein eigen måte å handtere instrumentet på og har bak seg ei rad plateutgjevingar, både eigne og i samspel med andre. Johan Hedin er medlem av bl.a. gruppa Bazar Blå.

Esbjörn Hazelius er mest kjent frå grupper som Quilty, Eitre og Sofia Karlssons band. Hazelius har dei musikalske røter sine djupt planta i folkemusikktradisjonane frå Skåne, men han er i tillegg ein av Skandinavias fremste ekspertar på irsk folkemusikk. Han er ein framifrå songar og ein driven instrumentlist. Debutalbumet hans, "Om du ville människa heta" kom ut i 2010.

Konserten vert på loftet i dei nyopna kafélokala. Dørene opnar omlag ein time før konsertstart. Det vert sal av småmat og forfriskningar, og etter konserten vert det quiz.

Konsertane på Hardanger folkemuseum vert arrangert i samarbeid med Hardanger folkemusikksamling og med støtte frå Norsk kulturråd.

Logo, Norsk kulturråd