Norsk English

Fagdag om krotakaker

Hardanger folkemuseum

10.03.2012 09:30

Krotekakefagdag med kåseri, foredrag, baking og smaking. Alt dette på Hardanger folkemuseum laurdag 10. mars.

Saman med Kinsarvik og Ringøy bygdekvinnelag inviterar Hardanger folkemuseum alle interesserte til laurdagsseminar og fagdag om krotakaka.

PROGRAM

Kl 09.00 - 09.30    Kaffi med noko attåt

Kl 09.30 - 09.45     Vel møtt v/ Agnete Sivertsen, styrar på Hardanger folkemuseum og Anne Lutro, leiar i Kinsarvik bygdekvinnelag. Filmsnutt frå eldhuset

Kl 09.45 - 10.15     Krotakakesnurr, slik eg opplevde det. Kåseri v/ Guttorm Rogdaberg

Kl 10.15 - 11.00     Frå syrtakaker til krotakaker. Historie og kjelder omkring krotakakebakst. v/ Brita Jordal som har skrive særoppgåve om emnet

Kl 11.00 - 11.30     Vi besøker bakstekonene i eldhuset.

Kl 11.30 - 12.30     Matøkt med betasup

Kl 12.30 - 13.15     Krotakaker og lefse - tradisjonsmat på kysten frå svenskegrensa til den russiske grensa. v/ etnolog Wigdis Espeland frå Universitetet i Bergen.

Kl 13.15 - 13.30     Oppsummering og heim att 

Pris kr 200 inkl lunsj

VELKOMEN!