Norsk English

Bygdebokseminar laurdag 24. mars - Fjord og fjell, frukt og flaum

Hardanger folkemuseum, Utne

24.03.2012 10:30

Dersom me snur oss og ser bakover i tid, ser me at bygdene våre har gjennomgått store endringar dei siste tiåra. Tenestetilbodet er endra, eksempelvis butikk, post og bank, som er borte/automatisert/ digitalisert.

Ullensvang herad er i gang med å føra bygdebøkene til Olav Kolltveit fram til notid. I samband med dette arrangerer Bygdeboknemnda no sitt tredje seminar laurdag 24. mars. Denne gongen set me søkjeljos på heradet - kva er viktig å fortelja om tida frå 1950-åra og fram til 2000-talet me lever i? Og korleis bør forteljinga om Ullensvang formast og formidlast?Ullensvang 1950-2014

Ullensvang i endring er namnet på heradsplanen for 2011-2020. Kva endringar har "Noregs frukthage" vore gjennom frå tida som jordbruksbygd - med "sterkt innslag av fruktdyrking" (Generalplan for Ullensvang 1978)? Har fjorden bunde eller skilt heradet? Er fjellet same ressursen som før? Kva har det hatt å seia for Ullensvang å leva med snøras og flaumbrot?

På seminaret vil bygdebokforfattarar frå ulike nabokommunar halda innlegg om aktuelle tema, spørsmål og perspektiv til ålmennsoga for Ullensvang 1950-2014. I tillegg vil eit sidepanel med Oddmund Hus, Solfrid Borge, Torgils L. Jåstad, Lars O. Bleie og Oddmund Teigland kommentera seminarinnlegga og gi innspel til ordskiftet.

Alle med interesse for lokalhistorie er velkomne som deltakarar på bygdebokseminaret. Seminaret vert skipa til på Hardanger folkemuseum, Utne.

 

PROGRAM

10.30: Velkomen v/Otto Vikane, leiar i bygdeboknemnda for Ullensvang

10.40: Innleiing v/Nils Olav Østrem, redaktør for Ullensvangs nye bygdebok

10.50: Foredrag v/Geir Kleiveland, historikar og bygdebokforfattar, Osterøy:
           Utfordringar med å skriva allmennsoge om etterkrigstida

11.20: Kommentar, spørsmål og ordskifte - panel og sal

11.50: Kaffi

12.00: Foredrag v/Gaute Losnegård, historikar og bygdebokforfattar, Jondal og
           Askvoll: Lokal allmennhistorie i den globale landsbyens tidsalder

12.30: Kommentar, spørsmål og ordskifte - panel og sal

13.00: Betasup

13.45: Foredrag v/Anders Haugland, historikar og bygdebokforfattar, Skånevik og
           Radøy: Formidlinga. Korleis nå fram til lesaren?

14.15: Kommentar, spørsmål og ordskifte - panel og sal

14.45: Kaffipause

15.00: Foredrag v/ konservator Heidi Richardson og formidlingsleiar Helena
           Kjepso, Hardanger og Voss Museum: Hardangerbrua allreie på museum ?

15.30: Kommentar, spørsmål og ordskifte - panel og sal

16.00: Oppsummering v/Marta Gjernes, forfattar for Ullensvangs nye bygdebok

16.20: Avslutning

16.30: Slutt

Arrangørar: Bygdeboknemnda i Ullensvang herad og Hardanger folkemuseum