Norsk English

Å byggja bruer med ferjeminner

Hardanger folkemuseum, Utne

21.03.2012 17:30 til 19:30

Som ein del av forskingsprosjektet «Hardangerbrua - allereie på museum» har Hardanger og Voss museum samarbeidd med skuleklassar om å samla inn ferjeminne. 10. klasse ved Brakanes skule og 8. klasse ved Hauso skule vil presentera ein del av innsamlinga på Utne onsdag 21. mars kl 17.30.

Hardanger og Voss museum samarbeider mykje med skular og tilbyr undervisningsopplegg for ulike alderstrinn.

 -Det er ein annan og spennande vri når elevane vert engasjert i innsamling av materiale om kva besteforeldre, foreldre eller andre kan fortelja om kva ferjene har hatt å seia for dei og livet deira. Me håpar det kan vera nyttig og lærerikt både for elevane, lærarane, skulane, museet og publikum å vera saman om ein del av eit slikt forskingsprosjekt, seier formidlingsleiarane Helena Kjepso ved Hardanger folkemuseum og Oddvar Soldal ved Hardanger fartøyvernsenter.

Ferjene vart ein viktig del av samferdsla på 1900-talet på Vestlandet, og dei er framleis ein del av kvardagslivet for somme av oss. Hardanger og Voss museum meiner det er på høg tid å setje fokus på kva ferjene har hatt å seia for folk flest, og for vestlandskulturen gjennom dei siste 80 - 90 åra. Difor ynskjer museet å få fram mangfaldet av erfaringar, opplevingar, tankar og kjensler knytt til ferjer.

Elevar i forskingsarbeid

Elevane sitt arbeid er ein del av forskingsprosjektet «Hardangerbrua - allereie på museum», Samarbeidet med elevane starta med dei kom til Hardanger fartøyvernsenter og såg biletspelet « Då sjøen var vegen» der Gunvald Wallevik som bur ved brufestet, er forteljar.. Elevane brukte også tid til å gjera seg kjend med ferja Folgefonn, bygd i 1938, som no er eigd av Hardanger og Voss museum og skal restaurerast..

Elevane har arbeidd i grupper og intervjua foreldre, besteforeldre eller andre som har noko å fortelja om kva ferjene har og har hatt å seia for dei. På den måten vert det bygt bruer mellom generasjonane ved å snakka om ferjeminne.

Når arbeidet skal presenterast er det elevar og lærarar som vel korleis det skal gjerast. Ein kan venta seg både film, biletpresentasjonar og forteljing.

Me kan også presentera resultatet på ei nettside som er planlagt for prosjektet. Dei skulane som har heimesider, kan presentera resultatet der. Det viktige for museet er at me får ta vare på det innsamla materialet og bruka det i den samla forskinga, seier Heidi Richardson som styrer forskingsarbeidet. Ho er leiar ved museumsavdelinga ved Hardanger fartøyvernsenter.

 Hardangerbrua - allereie på museum

-  Ved Hardanger og Voss museum har me sett i gang eit samtidsdokumentasjonsprosjekt for å kartleggja kva brua faktisk kjem til å bety for folk i ulike delar av regionen. På ei arbeidssamling så tidleg som i  2007 tok me utgangspunkt i lokal og nasjonal samferdslesoge og  konsekvensutgreiinga om Hardangerbrua og fann fram til viktige innfallsvinklar for ein slik samtidsdokumentasjon. Ut frå desse drøftingane vart sett opp fleire delprosjekt. Arbeidet som tok til i 2009, nærmar seg ei avslutting, forklarar Richardson.

Samarbeidet med elevar og lærarar ved Brakanes og Hauso skular er med i ein del som er kalla slutten på ei ferjesoge. Museet er framleis interessert i ferjeminne frå folk i Hardanger.