Jan Beitohaugen Granli er ein populær og mykje nytta
dansespelemann, både på festar og kappleikar. Viktige læremeistrar
og inspirasjonskjelder har vore Trygve Bolstad, Tore Bolstad,
Magnus Dahleng, Harald Røine og Olav Jørgen Hegge. Han har studert
folkemusikk ved Høgskolen i Telemark, og tatt spelemannsskulen ved
Ole Bull Akademiet. Spelemanns- og kvedarskulen ved denne
institusjonen danna gruppa Helekins følgje (2002 - 2004). Han er
kvalifisert for eliteklassa i hardingfele, klasse A, på
Landskappleiken, og har vunne denne tre gonger. I 2004 fekk han og
Kongepokalen for prestasjonen. Han har vunne Fanitulltevlinga på
Den Norske Folkemusikkveka på Ål to gonger. I 2005 hadde han
showcasekonsert under Folkelarm. No jobbar han som frilans musikar
og lærar i musikkskulen i Valdres.
Meisterspelemenn - solo
Hardanger folkemuseum starta hausten 2011 ein konsertserie der me
inviterar dei fremste utøvarane på hardingfele til å halda
solokonsert.
Konserten vert på loftet i dei nyopna kafélokala. Dørene opnar
omlag ein time før konsertstart. Det vert sal av småmat og
forfriskningar, og etter konserten vert det quiz.
Konsertane på Hardanger folkemuseum vert arrangert i samarbeid
med Hardanger folkemusikksamling og med støtte frå Norsk
kulturråd.
